Den store statsquizen

Den store statsquizen er eit spel der du kan teste kunnskapen din om forvaltninga. Spørsmåla er blant anna innanfor kategoriane lovverk, politikk, verksemder og europakompetanse. Du kan ta quizen så mange gonger du vil, og du vil få 15 nye spørsmål kvar gong. Du får nokre spørsmål på bokmål og nokre på nynorsk.

Spelet registrerer kva for ei verksemd du jobbar i, så du konkurrerer mot andre statlege verksemder og mot andre som ikkje jobbar i staten.

Spelet rangerer topp 10 verksemder. For å kome med på topp 10-lista må det vere minimum ti deltakarar frå ei verksemd som speler og skårar høgt.

*Quizen er laga av tidligere Difi og består totalt av 2000 forskjellige spørsmål innanfor ulike kategoriar: lovverk, arbeidslivsavtalar, etikk, leiing og styring, politikk, forvaltning, organisering og verksemder, europakompetanse og blanda drops.